LufttettleikLufttettleik, ρ (gresk: rho), er jordatmosfæren sin masse per volum. I SI-systemet blir den målt som kilogram luft per kubikkmeter (kg/m3). Tørr luft ved havnivå og med temperatur på 20 °C har ein tettleik på om lag 1,2 kg/m3. Lufttettleiken varierer med trykket og temperaturen, som begge minkar med høgda. Effekt av trykk og temperaturLikninga for lufttettleiken er gjeven ved: der ρ er lufttettleiken, p er trykket, R er gasskonstanten og T er temperaturen i kelvin. Den spesifikke gasskonstanten R for tørr luft er: Dermed:
Effekt av vassdampMed vassdamp i lufta (fuktig luft) blir tettleiken til lufta mindre, som i første omgang kan virke ulogisk. Dette skjer fordi den molekylære massen til vatn (18) er mindre enn den molekylære massen til luft (rundt 29). For ein gass med ein viss temperatur og trykk, vil talet på molekyl vere konstant i eit visst volum. Så med vassdamp i lufta vil luftmolekyla bli bytta ut med talet på vassmolekyl, utan at trykket eller temperaturen endrar seg. Dermed blir massen per volum mindre, og tettleiken redusert. Kor stor effekten blir avheng av den absolutte fukta og ikkje relativ fukt. Effektar av høgdeFor å rekne ut lufttettleiken som ein funksjon av høgda, må ein ha fleire parameterar. Dei er lista opp nedanfor i lag med verdien dei har i Internasjonal Standard Atmosfære og ved å bruke den universelle gasskonstanten i stadenfor den spesifikke:
Temperaturen i høgda h meter over havnivå er gjeven ved denne likninga (som berre gjeld i troposfæren): Trykket i høgda h er gjeve ved: Tettleiken kan då reknast ut: Temperaturen si rolleTabellen under viser korleis forskjellige eigenskapar ved luft endrar seg med temperaturen. Tabell — lydfarten i luft c, lufttettleiken ρ, akustisk impedans Z, temperatur °C
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia