Martin Lewis Perl
Martin L. Perl, (fødd 24. juni 1927) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt 1995 «for oppdaginga av tau, og for banebrytande bidrag til leptonfysikk». Perl delte prisen med sin landsmann Frederick Reines. Perl tok eksamen som kjemiingeniør ved Polytechnic Institute i Brooklyn i 1948. Deretter gjekk han over til fysikk og tok ein filosofisk doktorgrad ved Columbia University i 1955. Perl oppdaga tauonen som er ein tyngre slekting av elektron. Oppdaginga innebar det første teiknet på at ein tredje «familie» av fundamentale partiklar eksisterte. Eksistensen av den tredje familien har stor tyding for fysikarnes tiltro til dagens teoretiske modell, den såkalla standardmodellen. Utan den tredje familien skulle modellen ha vore ufullstendig. I 2009 mottok Perl ein æresdoktorgrad frå Universitetet i Beograd.[1] Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia