Present av Van der Graaf Generator
Present er det niande studioalbumet til det engelske progressiv rockebandet Van der Graaf Generator, gjeve ut i 2005. Det var det første studioalbumet deira sidan The Quiet Zone/The Pleasure Dome i 1977, og det første med den «klassiske» besetninga sidan World Record i 1976. Charisma Records vart aktivert på ny for denne utgjevinga, og gav samstundes ut heile katalogen til Van der Graaf Generator og soloplatene til Peter Hammill frå 1972 til 1986 ut på ny med ommastra lyd. I mange år hadde songaren og hovudlåtskrivaren i bandet, Peter Hammill, avvist ideen om ei sameining av bandet, men i 2004, etter at bandet hadde spelt saman på to av solokonsertane til Hammill, byrja arbeidet på eit offisielt, nytt album. Present vart resultatet. Det består av ei plate med songar (pluss ein instrumental, «Boleas Panic»), og ei plate med studioimprovisasjonar. Bandet hadde alltid improvisert i studio gjennom historia si, men aldri før gjeve desse ut (utanom piratkopiplata Time Vaults). I 2005 la bandet ut på ein suksessrik turné. Berre to songar frå Present vart spelte på turneen: «Every Bloody Emperor» and «Nutter Alert». MottakingAlbumet vart kåra til eit av magasinet Classic Rock sine ti essensielle progressive rockealbum dette tiåret.[4] Innhald
All musikk komponert av Banton, Evans, Jackson, Hammill
Medverkande
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia