Det var det siste albumet spelt inn med den klassiske besetninga til bandet før dei kom saman att i 2005: Hugh Banton og David Jackson slutta i høvesvis desember 1976 og januar 1977. Banton slutta på grunn av økonomiske problem og det dåverande ekteskapet hans, men vart verande i bandet til turnéplanane deira var fullført.[3] Jackson heldt fram å øve med Peter Hammill og Guy Evans til januar 1977, då den gamle bassisten Nic Potter og den nye fiolinisten Graham Smith (frå det skotske folkrockbandet String Driven Thing) kom inn i bandet, men slutta kort tid etter bandet byrja å øve, like før den neste turneen deira.[3]
Innhald
Alle songar skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.