Tin Machine av Tin Machine
Tin Machine er debutalbumet til det engelsk-amerikanske hardrockbandet Tin Machine. Albumet kom ut i mai 1989 på selskapet EMI. Bandet var den siste satsinga til David Bowie, inspirert av innspelinga med gitaristen Reeves Gabrels. Trommeslagaren Hunt Sales og bassist Tony Fox Sales utgjorde resten av albumet, medan eit «femte medlem», Kevin Armstrong spelte rytmegitar og Hammondorgel. Prosjektet var meint som eit album som gjekk attende til det grunnleggjande for Bowie, med ein hardrock-stil og enklare produksjon, i motsetnad til dei to siste soloalbuma hans. I motsetnad til tidlegare Bowie-band (som The Spiders from Mars), fungerte Tin Machine som eit demokratisk band.[3] UtviklingBandet førebudde somme demoar i Los Angeles før dei drog til Mountain Studios[4] i Sveits og så til Montreal og til slutt til Nassau.[5] Bandet hadde ikkje stort hell med seg i Nassau, og fann det vanskeleg å lage i plate midt mellom «kokain og fattigdom og crack,» som dels inspirerte albumsporet «Crack City.»[5] Bowie hevda òg at hans eigen kokain-prega fortid i 1970-åra som ein inspirasjon for sporet.[6] Songane på albumet heldt seg til tema som dop og urbant forfall.[7] Alle songane vart laga som ei gruppe, og bandet spelte inn 35 songar på berre seks veker.[2][4][5] I 2017 sa Gabrels at albumet «kunne ha vore eit dobbeltalbum» med tanke på alle songane dei spelte inn (men ikkje gav ut) på denne tida.[8] Den første songen bandet skreiv og spelte inn var «Heaven's in Here», som dei skreiv frå botnen av og spelte inn i løpet av dei første 30 timane sine i lag.[3] Dei følgde opp med ein coverversjon av John Lennon sin «Working Class Hero» (ein av Bowie sine favorittsongar av Lennon)[9] og Roxy Music sin «If There Is Something», som ikkje kom ut før på det andre Tin Machine-albumet i 1991.[3] Songane på albumet vart spelte inn rå og live med få ekstra lydspor for å fange energien til bandet.[7][10] Bandet bad Bowie om å ikkje skrive om tekstane sine: «Dei var der heile tida og sa, 'Ikkje vere ei pyse,' syng det slik du skreiv det. Stå ved det. Eg har gjort og ofte sensurert meg sjølv når eg har skrive tekstar. Eg seier ein ting og så tenkjer eg, 'Ah kanskje eg skal tone det ned litt.»[9] Han la til «me nøskte å kome ut av boksen med energi, energien me kjende då me skreiv og spelte i lag. Det er særs, særs lite ekstra som er lagt til på albumet. For uss var det vår live-stil.»[4] Det vart ikkje laga demoar for albumet og Gabrels sa «I røynda er det albumet som er demoen.»[3] Bowie likte å lage albumet og sa «Eg er så oppteken av dette at eg kunne tenkt å byrja på det neste albumet i morgon.»[9] Stilmessig kjende han at albumet var eit framhald frå Scary Monsters: «Det er nesten heilt avvisande til dei siste tre albuma eg har gjort. Å kome attende på kurs, kan ein sei.»[9] Gabrels skildra seinare songane på albumet som at bandet «skrik mot verda»,[11] og Tony Sales, bassisten i bandet, skildra måten bandet skreiv musikk på: «Me var så lei av skru på radio og høyre disco og dance-musikk og trommemaskinar. Alt det der, som eg trur dei i industrien kallar 'drit'. Me tenkte berre på å gjere eit prosjekt som kunne gjere slutt på rock and roll.»[2]}} Då bandet var ferdig med albumet var Bowie sikre på at bandet kom til å fortsetje. Han sa «Det kjem til å bli minst to album til. Å ja, dette vil fortsette ei stund. Me er alle så nøgd me då spele med kvarandre, så kvifor ikkje?»[9] MusikkvideoI staden for å lage musikkvideoar for kvar singel frå albumet, valde Tin Machine å gje ut ein enkel 13 minuttar lang megamix-video for albumet, «skapt i motsetnad til forventning.»[12] Videoen vart regissert av Julien Temple, som tidlegare hadde arbeidd med Bowie på videoar og utgjevingar som Jazzin' for Blue Jean (1984), «Absolute Beginners» (1986) og «Day-In Day-Out» (1987). Gabrels hugsa at bandet «brukte K-Tel Records sine sine kveldsreklamar [informercials] som malen vår»[12] for videoen. «Me hadde visse vignettar i hovuda våre, som at me speler på ein scene, så ønskte me å legge til element som var litt meir vaudeville-aktige, som apekatten som dreg ut leidningane for bandet, som eg trur var Hunt sin idé.»[12] Videoen vart filma på The Ritz i New York.[12] Videoen var berre gjeve ut som ein del av ein «særs avgrensa salsfremmande boks», og aldri kommersielt, før 30-årsjubileet i 2019.[13] KonsertarBandet heldt ein uannonsert konsert på Nassau medan dei spelte inn albumet, og spelte så på International Rock Awards den 31. mai 1989.[9][14] To veker seinare la bandet ut på den 12 konsertar lange Tin Machine-turneen, som var over i juli. Songar frå denne og det andre Tin Machine-albumet vart spelte inn under It's My Life-turneen i 1991 og 1992 og gjeve ut på Tin Machine Live: Oy Vey, Baby (1992). Live at La Cigale, Paris, 25th June, 1989Åtte songar framført i Paris den 25. juni 1989 kom ut digitalt i august 2019 som ein del av 30-årsjubileet albumet. Albumet kom berre ut digitalt og fekk namnet Live at La Cigale, Paris, 25th June, 1989 og var mastra av Tim Palmer, som var produsenten på dei originale Tin Machine-albuma.[15] Mottaking
Då Tin Machine kom ut hadde det noko suksess med stort sett positive meldingar og ein tredjeplass på UK Albums Chart. Det kortvarige salet av albumet var estimert til å ha vore mellom 200 000[22] og 1 million eksemplar i løpet av få år.[23] Mot slutten av 2012 vart salstala for heile katalogen til Tin Machine estimert til to millionar eksemplar.[24] Magasinet Spin kalla albumet «støyrock utan støyen. Aggressivt, direkte, brutalt og enkelt på ein stilig måte, der det kombinerer energien frå rock avantgarde med tradisjonell R&B-rytmisk slagkraft».[2] Albumet vart oppsummert ved at det vart kalla «brennande moro» og «dei livlege Sales-brørne og Gabrles var sanneleg likemenn og stundom betre enn Bowie.»[7] Rolling Stone likte «den kyniske, indignerte og syrlige» måten å lage musikk på som «ein altfor velkommen fest av aggro-gitar-flamboyanse og basstromme-kroppskontroll». Dei skreiv vidare at det stundom høyrdest ut som Sonic Youth møter Station to Station.[18] Ei melding av The McClatchy Company kalla bandet «a lean, mean rock 'n' roll machine», som viste at «Bowie er attende» og at dette var hans mest oppkvikkande album sidan Scary Monsters i 1980.[10] Då han vart spurt i eit intervju om kva den største kritikken av albumet kom til å bli, svarte Bowie at det kanskje ikkje var «lyttarvenleg nok» for fansen. «Eg reknar ar det ikkje er like openbert melodisk som ein skulle tru at det sannsynligvis ville vere [for eit Bowie-album].»[9] InnhaldCD- og kassettutgåva av albumet inneheld songane «Run» og «Sacrifice Yourself», som det ikkje var plass til på LP-utgåva.[9][18] Alle utgåver sidan den gongen følgjer CD-utgåva.
Nyutgjevinga av Tin Machine frå 1999 har sett albumet inn som ein del av solokatalogen til Bowie, og på ryggen og sjølve plata står artisten oppført som David Bowie, medan «Tin Machine» er albumtittelen. MedverkandeTin Machine
SalslisterVekeslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
Portal di Ensiklopedia Dunia