I Can't Read
«I Can't Read» er ein song skriven av David Bowie og Reeves Gabrels for Tin Machine på debutalbumet deira i 1989. Songen vart sidan spelt inn på ny av Bowie og Gabrels i 1997 og framført på konsertane til Bowie seint i 1990-åra. BakgrunnBowie skildra songen som «full av anger og smerte. Eg forventar at det er når jobbar går galt, og heimen eigentleg ikkje kjennest varm lenger, og du ikkje treng nokon - du latar som du ikkje gjer det - og du hamnar i ein slik tilstand.»[1] Bowie spelte inn to nye versjonar av songen i 1997, ein for filmen The Ice Storm[2] og ein annan versjon for albumet Earthling (1997). Denne sistnemnde versjonen kom ikkje ut før på Is It Any Wonder? (2020).[3] Ice Storm-versjonen kom ut på singel i Tyskland og Skandinavia på Velvel Records i desember 1997. I januar 1998 kom han òg ut i Australia på Shock Records under eksklusiv lisens frå Velvel Records. Singelen låg tre veker inne på topp 200 i Storbritannia, der han nådde 73. plassen. Innhald1997-singel / filmversjonSingelen frå 1997 inneheld begge versjonane av songen. Den korte versjonen kom ut på lydsporet til «The Ice Storm» og den «lange versjonen» kom ikkje ut andre stader før EP-en Is It Any Wonder? i 2020. CD: Velvel / ZYX 8757-8 (Tyskland)
2020 Is It Any Wonder?-versjonen
Konsertopptak
Salslister
Coverversjonar
Kjelder
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia