Catch Me Now I'm Falling
«Catch Me Now I'm Falling» er ein song skriven av Ray Davies og først spelt av The Kinks på albumet deira Low Budget i 1979. Songen vart skriven som ein kritikk av Amerika sine allierte. Songen skildrar fallet til Captain America som eit symbol på dei tøffe tilhøva i USA på denne tida. Songen inneheld fleire soloar på forskjellige instrument og eit riff som minnar om The Rolling Stones sin «Jumpin' Jack Flash». Songen kom ut på singel i USA og Nederland. I USA kom han med «Low Budget» som B-side, medan B-sida i Nederland var «In a Space». Songen selde ikkje godt nok til å nå salslistene i nokon av landa. Songen har sidan kome ut på fleire samle- og konsertalbum. Songen inneheld ein saksofonsolo som magasinet Billboard skildra som «hot», i tillegg til ein gitarsolo av Dave Davies.[1][2] Medverkande
Kjelder
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia