Sitting in the Midday Sun
«Sitting in the Midday Sun» er ein song av det britiske rockebandet The Kinks, skriven av Ray Davies. Songen vart spelt inn i juni 1973 og gjeven ut på singel i USA og Storbritannia same året. Han fekk generelt god omtale, men selde ikkje godt nok til å gå inn på salslistene. «Sitting in the Midday Sun» vart gjeven ut på Preservation Act 1, i november 1973. Bakgrunn og innspelingDoug Hinman estimerer at «Sitting in the Midday Sun» var den første songen som vart spelt inn i The Kinks nye Konk Studios.[1] Songen vart spelt inn kring 8. juni, og vart klargjort for det komande albumet til gruppa.[1] UtgjevingSongen vart gjeven ut med B-sida «One of the Survivors» for i Storbritannia, der han kom ut i juni. I USA kom singelen ut med B-sida «Sweet Lady Genevieve». Kritikarane var stort sett samde om at det var ein fin sommarlåt, men songen selde likevel ikkje godt nok til å nå salslistene nokon stad.[1] Medverkande
Kjelder
Bakgrunnsstoff |
Portal di Ensiklopedia Dunia