I'm in Disgrace
«I'm in Disgrace» er ein song av The Kinks frå 1975 på konseptalbumet Schoolboys in Disgrace. Songen var skriven av Ray Davies. Bakgrunn«I'm in Disgrace» spelar ei viktig rolle i plottet på Schoolboys in Disgrace og skildrar hovudpersonen, Jack (ein ung Mr. Flash) som blir gjort skam på føre heile skulen etter upassande oppførsel i lag med den tidlegare kjærasten sin. Teksten omhandlar ein episode i ungdomen til broren og bandkolleagen til Ray Davies, Dave, som var særs opprørsk (og motsett til den innovervendte Ray). Ein gong vart den 15 år gamle Dave utvist frå skulen etter å han hadde sex med kjærasten Sue Sheehan på skulen.[1][2] Dei to vart skilde av familiane sine då Sue oppdaga at ho var gravid. Dene episoden har gått igjen i fleire av songane til Davies, som «Funny Face», «Susannah's Still Alive» og «Mindless Child of Motherhood». Utgjeving«I'm in Disgrace» var den første singelen frå Schoolboys in Disgrace i Amerika, med B-sida «The Hard Way», ein populær konsertsong frå same albumet. Som mange av singlane til Kinks på denne tida selde han dårleg, og gjekk ikkje inn på singellista. Trass i dårleg sal, vert songen ofte trekt fram som ein av dei beste på Schoolboys in Disgrace. Paul Nelson frå Rolling Stone sa at «'I'm in Disgrace' er ein veldig bra rock & roll-song om erotisk forvirring og skam.»[3] Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia