Killing Machine
Killing Machine (kalla Hell Bent for Leather i USA på grunn av kontroversar på tida då albumet kom ut) er det femte studioalbumet til det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Då det kom ut i oktober 1978 tok det bandet i retninga av ein meir kommersiell stil, men heldt likevel dei mørke tekstane frå dei førre albuma. Omtrent samstundes byrja bandet å bruke den no kjende klesstilen med skinn og naglar. Dette var det siste studioalbumet deira med trommeslagaren Les Binks. Forskjellige titlarKilling Machine vart kalla Hell Bent for Leather då det kom ut i USA tidleg i 1979, fordi den amerikanske avdelinga av Columbia/CBS ikkje likte «mord-indikasjonane» i tittelen. Begge titlane kjem frå songar på albumet. På den amerikanske utgåva vart «The Green Manalishi (With the Two Prong Crown)», ein tidleg Fleetwood Mac-song, lagt til. Albumet vart òg trykt i raud vinyl i Storbritannia. OversynMed Killing Machine byrja Judas Priest å gå mot eit meir kommersielt format og gjekk bort frå komplekse, fantasi-aktige songar frå dei førre tre albuma. Albumet hadde likevel framleis mørke undertonar, men var meir basert på realisme. Dette gjekk òg att i korleis dei kledde seg på scenen. Dei slutta å gå kledde i gotiske kapper og byrja å gå i skinn, men dette kan òg ha vore inspirert av den nye punk- og new wave-rørsla. Glenn Tipton sa i eit intervju frå den tida at «Eg trur me er ein del av New Wave, den nye bølgja. Trass alt er me kjappe, aggressive og spanande, som er det det handlar om.» Songar som «Burnin' Up» og «Evil Fantasies» har mange S&M-tema, medan «Running Wild» handlar om å feste til langt på natt, medan «Before the Dawn» er ein mørk ballade. Singelen «Take on the World» var eit forsøk på å produsere ein stadion-anthem liknande Queen sin «We Will Rock You», og vart òg spelt av New Wave-bandet The Human League på turneen deira i 1980.[2] Albumet selde etter kvart til gullplate i USA. Lydkvaliteten på albumet var betre enn på tidlegare Judas Priest-album, som er blitt kritiserte for ein særleg flat lyd, og lyden vart ytterlegare betra på det neste albumet, gjennombrotet deira , British Steel. Nyare utgåverAlbumet vart mastra på ny i 2001 og kom ut med to bonusspor (tre i Storbritannia). Bonussporet «Fight for Your Life» var den «originale» versjonen av Judas Priest sin «Rock Hard Ride Free» frå albumet Defenders of the Faith. «The Green Manalishi (With the Two-Pronged Crown)» vert rekna som eit bonusspor i Storbritannia, men eit vanleg albumspor i USA. I 2010 gav Audio Fidelity ut ein avgrensa 24-karat gull-CD av Hell Bent for Leather. Dette inneheld ingen bonusspor. Innspeling og produksjonDette var det første Judas Priest-albumet der Glenn Tipton spelte gitarsoloar med tapping, kanskje inspirert av Eddie Van Halen som nettopp hadde popularisert teknikken. Albumet var det siste for trommeslagaren Les Binks, som kom inn i bandet tidleg i 1977. MottakingI 2005 vart Killing Machine rangert på 321. plassen på lista til magasinet Rock Hard over dei 500 beste rock- og metal-albuma gjennom tidene.[3] I popkulturenSongen «Hell Bent for Leather» vart nytta i Ari Gold-filmen Adventures of Power frå 2008 og i videospelet Guitar Hero: Metallica frå 2009. Innhald
Medverkande
Lister
Salstrofé
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia