Etter suksessen med det førre albumet, Defenders of the Faith, ønskte Judas Priest opphavleg å spele inn eit dobbeltalbum som var meint å kome ut med tittelen Twin Turbos. Denne ideen vart skrinlagt. I staden vart materialet delt opp der dei meir kommersielle songane kom ut som albumet Turbo. Tekstane på Turbo var markert forskjellige frå tidlegare Judas Priest-album, med meir vekt på jordnære tema som kjærleik og romantikk i staden for dei vanlege sci-fi- og fantasi-tekstane deira. I det heile var det eit svar på endringa i musikkmiljøet i midten av 1980-åra, som vart meir fokusert på lys, synth-driven pop i staden for den drivande hardrocken frå 1970- og tidleg i 1980-åra.
Etter at Faith-turneen var over i 1985 tok bandet den første lengre pausen sin i karrieren og spelte ikkje i det heile i 1985, utanom på Live Aid der dei spelte tre songar. Dei byrja på Turbo den sommaren og var ferdig seint på året. Denne gongen byrja songaren Rob Halford å slite med aukande dopmisbruk og valdelege kranglar med kjærasten. Etter at kjærasten tok sjølvmord rett føre Halford, ønskte Halford å bli rein og sjekka inn på ein klinikk der han var desember 1985 til januar 1986. Han kom kraftig attende og konsertane hans på den påfølgjande turneen vart skildra som nokre av dei sterkaste prestasjonane han nokon gong gjorde.
Plateosmlaget vart nok ein gong laga av den grafiske kunstnaren Doug Johnson, som òg designa omslaga til Screaming for Vengeance og Defenders of the Faith. Omslgaet syner ei kvinnehand som tar rundt ei girstong.
Judas Priest vart spurt om ein kunne få nytte «Reckless» i filmen Top Gun, men Judas Priest avslo, både fordi dei trudde filmen ville gå dårleg og fordi dei då måtte ha utelate songen frå Turbo. På det neste albumet deira, Ram It Down, finst ein versjon av «Johnny B. Goode» som vart nytta i filmen med same namn.
«Parental Guidance» vart visstnok skrive som eit svar til åtaket til Tipper Gore mot bandet, og heavy metal generelt, i midten av 1980-åra. Organisasjonen hennar, Parents Music Resource Center (PMRC), hadde plassert songen deira «Eat Me Alive» (frå Defenders of the Faith) på tredjeplassen på lista deira over mest støytande songar, ei liste som berre vart kalla «Filthy 15». PMRC hevda at songen var obsøkn fordi han oppfordra til tvungen oralsex.[5]
Turbo var det første Judas Priest-albumet der det står oppført kven av Tipton og Downing som spelar sologitar på kva song.[6]
Mottaking
Turbo selde ganske bra i starten, og selde til gullplate i USA den 10. juni 1986 og platinaplate den 24. juli 1987 for 1 million selde eksemplar.[7] Albumet nådde 33. plassen i Storbritannia og 17. plassen på Billboard 200 i USA, den høgaste plasseringa til bandet før Angel of Retribution i 2005.[8] På lengre sikt har fansen vore ganske negative til dette albumet. Bandet nytta gitarsynthesizerar og brukte hint av glam metal[1] som var særleg upopulært blant fansen deira på den tida. Det var det siste albumet deira som selde til platinaplate i USA.[7]
Sju av ni songar på albumet vart framført på den påfølgjande Fuel for Life-turneen. Tittelsporet har vore på dei fleste setlistene til bandet sidan han kom ut.
Rob Halford kalla Turbo som eit «elsk/hat Judas Priest-album». I 2008 sa han til Kerrang!:
«
Den einaste agendaen me nokon gong hadde i Priest var å gje kvart album sitt eige liv og eg trur me klarte det på alle frå Rocka Rolla til Nostradamus. Når det er sagt, om det fanst ei kontroversiell plate i forhold til kva folk venta frå oss, så er det Turbo. Det kom av at me flytta inn i ein ny atmosfære, men det er der me var på den tida. Somme av dei teknologiske nyvinngane som pedalbrettet som Glenn og KK nytta gav oss høvet til å bruke andre lydar og eksperimentere. Personleg syns eg der nokre bra spor på det albumet... det er ei av dei platene som det er delte meiningar om.»[9]