Alle songane på Priest...Live! vart spelte inn på Fuel for Life-turneen deira i 1986, som var turneen etter albumet Turbo. Det var ingen songar på albumet frå 1970-talsalbuma deira, men den nymastra versjonen frå 2001 inneheld «Hell Bent for Leather» som bonusspor. Albumet selde ikkje like godt som det førre konsertalbumet deira, Unleashed in the East, men hadde i oktober 2001 seld til gullplate i USA.[5]
Albumet kom først ut 21. juni 1987 som eit dobbeltalbum. Han vart gjeven ut i 2001 med nymastra lyd og tre bonusspor.
Konsertvideoen vart spelt inn ved Reunion Arena i Dallas den 27. juni 1986, og gjeve ut på VHS og LaserDisc i 1987. Videoen inneheld songane «Locked In», «Desert Plains», «The Green Manalishi (With the Two-Pronged Crown)» og «Hell Bent for Leather», som ikkje finst på den originale plata, og selde til gull i februar 1988.