Look Back in Anger
«Look Back in Anger» er ein song skriven av den engelske musikaren David Bowie og Brian Eno for albumet Lodger (1979). Han omhandlar «ein sjaskete 'dødsengel'»,[1] og har ein gitarsolo av Carlos Alomar. RCA Records var usikre på om Amerika var klare for den seksuelt androgyne «Boys Keep Swinging»,[2] den første singelen frå Lodger i dei fleste område, og «Look Back in Anger» vart gjeven ut i staden.[3] B-sida var ein annan song frå Lodger, «Repetition». Singelen nådde ikkje lista. «Look Back in Anger» har fått blanda kritikk hos Bowie-kommentatorane. NME-redaktørane Roy Carr og Charles Shaar Murray har skildra songen som «truleg det lågaste punktet» på albumet,[1] medan Nicholas Pegg reknar det som «eit av dei dramatiske høgdepunkta».[3] Chris O'Leary har kalla det «ein av dei sterkaste songane til Bowie frå seint i 70-åra».[4] Bowie framførte songen på på Serious Moonlight-turneen i 1983 og omarbeidd til ein tung rockesong for turneane Outside- og Earthling-turneane. Innhald
Medverkande
MusikkvideoDavid Mallet regisserte ein video for songen, med Bowie i studioet til ein kunstnar. Scenarioet var basert på avslutninga i Oscar Wilde sin The Picture of Dorian Gray, som eit sjølvportrett av hovudpersonen som vert meir og meir vakker, medan han sjølv vert fysisk styggare.[5] Andre utgjevingar
Andre versjonar
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia