Nobody's Fool av Slade
«Nobody's Fool» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1976 som den tredje og siste singelen frå det sjette studioalbumet deira Nobody's Fools. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Singelen kom ut i april 1976 men klarte ikkje å nå topp 50 på singellista i Storbritannia, men klarte å nå tredjeplassen på BMRB's UK Breakers-lista. Som albumet Nobody's Fools var tittelsporet eit forsøk frå Slade på å gjere ein meir «amerikansk» soul/pop-stil i eit forsøk på å slå igjennom i Amerika.[1] Lea hadde opphavleg tenkt seg «Nobody's Fool» som ein tjue minuttar lang ekstravagant song, men bandet vart sidan samde om å kutte han ned til ei normal lengd. Tasha Thomas song korvokal på songen. B-sida til singelen var albumsporet «L.A. Jinx» i Europa, medan «When the Chips Are Down» vart vald ut i B-sida.[2] I Brasil vart «Nobody's Fool» gjeven ut som ein firespors EP i lag med «Let's Call It Quits», «In for a Penny» og «Can You Just Imagine».[3][4] Det vart filma ein musikkvideo til songen i St. Johns Wood Studios i London av produksjonsselskapet Trilion Video. Han vart regissert av Bruce Gowers, som laga videoen til Queen-songen «Bohemian Rhapsody» året før. Trass i at det var den mest komplekse videoen til Slade til då, vart han berre vist ein gong i Storbritannia på Sally James sitt London Weekend Television-show Saturday Scene.[5] Format
Andre versjonarI 1977 spelte Light Fantastic inn ein versjon av songen for albumet Sensational.[6] I 1979 spelte Jim Lea inn sin eigen versjon av songen med broren Frank som ein del av sideprosjektet The Dummies. Denne versjonen av songen dukka ikkje opp før i 1992, då han vart inkludert på A Day in the Life of the Dummies, eit album som samla The Dummies sine innspelingar.[7] Salslister
Medverkande
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia