Wheels Ain't Coming Down
«Wheels Ain't Coming Down» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1979 som opningssporet på det åttande studioalbumet deira Return to Base. Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Slade. I 1981 kom songen ut att på ny på det neste albumet deira, We'll Bring the House Down og kom ut som den andre singelen frå dette albumet i mars. Han nådde då 60. plassen på den britiske singellista.[2][3] Songen kom òg ut på EP-en Six of the Best i 1980, som ikkje gjekk inn på salslista. «Wheels Ain't Coming Down» fortel ei soge om ei nær døden-oppleving Holder og Lea hadde på ei flyreise til Los Angeles.[4] Hjula på flyet kom ikkje ned og flyet måtte kræsjlande.[5] B-sida til singelen var «Not Tonight Josephine», som tidlegare hadde vore B-side på singelen «Sign of the Times» i 1979.[6] Det vart filma ein musikkvideo til songen, men han vart ikkje vist då singelen kom ut. Han var regissert av Eric Boliski. Videoen vart filma ettermiddagen 10. mars 1981 i Southampton Gaumont, før bandet skulle halde konsert der på kvelden.[7] Innhald
Salslister
Medverkande
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia