Rock and Roll Preacher (Hallelujah I'm on Fire)
«Rock and Roll Preacher (Hallelujah I'm on Fire)» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1982 som den fjerde og siste singelen frå det tiande studioalbumet deira Till Deaf Do Us Part. Han var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Slade. Songen kom berre ut på singel i Tyskland og nådde der 49. plassen.[1] Songen vart korta ned for singelen. Songen vart på den tida nytta som opningsspor på konsertane deira, noko ein kan høyre på konsertalbumet Slade on Stage.[2] B-sida på singelen var «Knuckle Sandwich Nancy», henta frå Till Deaf Do Us Part og som hadde vore den mislykka første singelen frå albumet i mai 1981. The 12"-versjonen av singelen inneheld den fulle albumversjonen av «Rock and Roll Preacher (Hallelujah I'm on Fire)».[3] I Tyskland framførte bandet songen på TV-showet Musikladen den 11. mars 1982. Seinare, i desember 1984 spelte bandet igjen songen på tysk fjernsyn, Thommys Pop Show.[4] Format
Salslister
Medverkande
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia