Quantum Gate
Quantum Gate er det 154. fjerde albumet totalt og 66. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Det er det første fulle studioalbumet sidan grunnleggjaren Edgar Froese døydde i 2015, og er i stor grad basert på musikalske idear og skisser som Froese etterlet seg.[1][2][3][4] Albumet gav gruppa meir pressemerksemd enn dei hadde hatt sidan Optical Race i 1988, på grunn av fornya interesse i gruppa etter at Froese døydde. Ein av komposisjonane, «Genesis of Precious Thoughts», var alt gjeven ut på Quantum Key som ei slags førehandsvising av dette albumet, og ein annan, «Proton Bonfire», som i seg sjølv var ei omarbeida utgåve av «Electron Bonfire» frå Quantum Key, var framført på konsertar sidan 2016 og gjeve ut på Live at the Philharmony Szczecin - Poland 2016. Dei andre sju spora er heilt nye. InnhaldAlle komposisjonar av Edgar Froese, Thorsten Quaeschning og Ulrich Schnauss, utanom der andre er nemnde.
Medverkande
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia