Rubycon av Tangerine Dream
Rubycon er det sjette studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i 1975.[1] Det vert ofte trekt fram som eit av dei beste albuma deira. Rubycon utforskar vidare den analoge sekvenserbaserte stilen innan Berlin-skulen dei hadde starta med på tittelsporet frå Phaedra. Sjølv om det ikkje selde like bra som Phaedra, nådde Rubycon høgare opp på den britiske salslista med ein 10. plass.[2] MusikkAlbumet består av to lange spor, som kvar er over 17 minuttar lange. «Rubycon, Part One» utgjer A-sida av plata og «ebbar og flyt gjennom tette bølgjer av ekko og Mellotron-kor, medan primitive sequencer-linjer bobler til overflata».[3] B-sida «Rubycon, Part Two», «opnar på ein vedunderleg stemningsskapande måte» før «synthesizer-arpeggioar kjem attende for å drive det heile vidare».[3] Mottaking
Tom Moon tok med Rubycon i boka si 1,000 Recordings to Hear Before You Die frå 2008 og sa: «Denne seglande lydvisjonen, som stadig utfoldar seg, men som aldri heilt når fram, har blitt etterlikna i det uendelege sidan 1975. Men på ein eller annan måte har ikkje ovundrarane klart å fange openheita og den fjerne stordomen til Tangerine Dream.»[5] I boka Digital Gothic: A Critical Discography of Tangerine Dream frå 1997 hylla journalisten Paul Stump albumet og skreiv: «Rubycon er rett og slett ei forbetring av føregangaren—men teken til det ypparste, og demonstrerer atdei meistrar primitiv teknologi på ein fantastisk dristig og uthaldande måte med rein kunstnarisk visjon. Det er truleg det beste albumet bandet laga…»[6] TurnéEtter albumet kom ut vart Moog synthesizeren til Christopher Franke øydelagd under transport og Franke sjølv mista nesten livet då han fekk elektrisk støyt.[7] Innhald
Medverkande
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia