Springtime in Nagasaki
Springtime in Nagasaki er det 100. albumet totalt og det 37. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve i april 2007.[1] Albumet var det første av fem album i ein serie kalla Five Atomic Seasons av Tangerine Dream. I følgje plateomslaget skal Tangerine Dream i november 2006 ha fått eit tilbod frå ein 82 år gammal japansk forretningsmann, som hadde budd og studert i Nagasaki og Hiroshima i 1945 då begge byane vart råka av atombomber. Dei fem komposisjonane måtte vere 54 minuttar lange. Musikalsk skulle del ein og to, våren og sommaren 1945, omhandle tida då klienten budde i Nagasaki, og skildre ein normal atmosfære. Han budde i Hiroshima hausten og vinteren 1945, og musikken skulle skildre kva som skjedde etter 6. august 1945. Den femte plata skulle vere «tida etter», den såkalla «endelause årstida».[1] Dei seks komposisjonane på plata flyt saumlaust over i kvarandre. Tre av dei er komponerte av Edgar Froese og dei tre andre av Thorsten Quaeschning. Stilmessig har albumet ei noko mørk stemning og kan minne om «klassiske» Tangerine Dream-album.[1] I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag. Innhald
Medverkande
Kjelder
|
Portal di Ensiklopedia Dunia